Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / published as: "Om å lære norsk" i Hamar Arbeiderblad, 20.02.2018, s. 28. [pdf] (HA har redigert/forkorta teksten.)
Kommentar til Bjørn Kristen Ørbæk: "Derrick på norsk og tysk" i Hamar Arbeiderblad, 11.02.2015, s. 20. [pdf]


Om å lære norsk
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark

Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

Bjørn Kristen Ørbæk klagar igjen over nynorsken og beskriv ei språkleg verkelegheit som det er vanskeleg å kjenne seg igjen i. Det eine er å kalle bokmål for «vårt naturlige skriftspråk». Bokmål er ikkje meir naturleg enn nynorsk, verken når det gjeld opphavet eller bruken. At enkeltpersonar føretrekkjer den eine eller den andre målforma er for så vidt «naturleg», alt etter opplæring, personlege preferansar og den språklege og kulturelle konteksten ein måtte vere i. Men at Ørbæk (igjen) trekkjer fram éin enkelt TV-serie på statskanalen, som er teksta på nynorsk, og påstår at minoritetsspråklege ville lære så mykje betre norsk dersom dei ikkje blei utsette for nynorsk, er kunnskapslaust og direkte latterleg.

For det første er det berre NRK som er pålagt å tekste ein viss prosent av sendingane på nynorsk. Vi har som kjent mange fleire tilbydarar enn NRK, og i praksis møter ein svært lite nynorsk på TV dersom ein ser heile tilbodet under eitt. Men det andre er læringssynet til Ørbæk. Uansett kva ein måtte meine om bokmål og nynorsk, vil det ikkje vere mogleg å lære seg norsk ved berre å sjå på ein TV-serie på morsmålet, som er teksta på norsk – sjølv om ein måtte sjå alle 281 episodane på to år. Ein vil nok kunne lære å lese og eventuelt skrive svært mange enkeltord, bøyingar og setningskonstruksjonar, men det er lite sannsynleg at nokon klarer å verkeleg lære eit aktivt og fungerande kvardagsspråk ved utelukkande å lese undertekstane til program med tale på morsmålet. Hadde det vore så enkelt, hadde ein vel ikkje hatt behov for språkkurs. Då var det jo berre å gje alle minoritetsspråklege 250 timar med TV-underhaldning på sitt morsmål teksta på norsk. Dessverre er det ikkje så enkelt.

For å fungere i det norske samfunnet, må ein praktisere språket, og ein må ikkje minst lære å forstå svært mange ulike måtar å snakke på, dvs. dialektalt mangfald. Dei som er så heldige at dei får lese og høyre både bokmål, nynorsk og ulike dialekter frå alle tenkjelege og utenkjelege situasjonar, vil altså ha betre sjansar til å bli aktive språkbrukarar i det norske samfunnet, enn dei som berre har lese undertekstane til ein tilfeldig TV-serie. Og nynorsken er ein del av den norske historia og den norske kvardagen, uavhengig av om nokon eventuelt ikkje likar det, eller ikkje finn det «naturleg».