Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / published as: "Sanna om nynorsk" i Gudbrandsdølen Dagningen, 01.11.2014, s. 50. [pdf]
Også publisert (i forkorta versjon) som: "Sanning om norsk" i VG, 02.11.2014, s. 34-35. [pdf]


Sanna om nynorsk
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark

Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

Sanna Sarromaa har i det siste komme med ein del «sanningar» om norsk språk som har ført til mykje offentleg merksemd. Språk engasjerer, men kan ein skrive kva som helst for å engasjere og provosere?

Det har vore litt diskusjon rundt spørsmålet om Sarromaa skriv som privatperson, som politikar eller som forskar. I den siste kronikken hennar i VG 30.10. står ho titulert som «finne, feminist, forsker og blogger på gd.no». Temaet hennar er bruk av engelsk i det norske samfunnet. Dette har vore aktuelt lenge, og det er eit tema som også Språkrådet er svært oppteke av.

Grunnen til at Sarromaa har fått mykje spalteplass i det siste, er at ho stort sett skriv godt, at ho er flink til å setje ting på spissen – og at ho er finsk. Det er nok litt lettare å komme utanfrå og fyre av slike salvar som ho gjerne gjer. Folk på begge sider – om dei er einige eller ueinige – kan engasjere og eventuelt irritere seg, og anten seie at det måtte ein utlending til for å fortelje oss dette, eller alternativt: ho er jo utlending, ho veit ikkje betre. For debattspaltene er dette ein vinn-vinn-situasjon.

Når det gjeld slagordet «Ut med engelsk!», er det like eigna til debatt som spørsmålet om bokmål og/eller nynorsk. Eg kan nok føle den same frustrasjonen over unødvendig bruk av engelsk i det norske samfunnet, men Sarromaa mista meg i argumentasjonen sin då ho trekte inn sidemålsundervisninga.

Det er heilt greitt og ei ærleg sak at nokon er imot sidemålsundervisning, og då forstått som undervisning i nynorsk som sidemål. Det er også vanleg at innflyttarar overtek haldningane til dei fleste rundt seg. Det er jo ikkje akkurat noka hemmelegheit at det finst sterke meiningar om dette temaet. Men det er stor forskjell mellom kva ein meiner og føler, og historiske fakta.

Sarromaa skriv: «Som historiker er jeg også smertelig klar over at nynorsk var en snodig idé som oppstod med 1800-tallets nasjonalsjåvinisme, og er slik sett akkurat like kunstig og oppfunnet som bunaden – eller hele nasjonen, for den saks skyld.» Som språkvitar er eg smerteleg klar over at det finst mange som gjentek påstanden om at nynorsk er kunstig og oppfunnen, og dermed ikkje burde ha livets rett. Men det smertar enda meir at nokon som kallar seg historikar, bevisst bruker slike påstandar i det offentlege rommet.

Menneskespråk er i utgangspunktet eit munnleg fenomen. På eitt eller anna tidspunkt kom nokon på at ein kunne bruke symbol for å illustrere lydar eller meiningsinnhald, og ein byrja å utvikle skriftspråk. Ein kan då velje å bruke desse symbola om sitt eige munnlege språk, om den dialekta som folk rundt ein snakkar, eller ein kan lage eit tverrsnitt som forsøkjer å dekkje alle dialektene som ein vel å rekne innanfor sitt nasjonale språk. Her vil det vere politiske og historiske omsyn som spelar inn. Men uansett er alle skriftspråk kunstige og oppfunne i den grad at nokon har sett seg ned og prøvd å lage ei felles skriftnorm. Finsk, tysk og engelsk er like kunstige i denne samanhengen som bokmål og nynorsk.

Bruk bokmål og nynorsk i staden for engelsk der det er mogleg, men lat diskusjonen om dei to sidestilte målformene i Noreg skje på grunnlag av saklege argument og ikkje synsingar.