Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / published as: "Verkeleg språkrot" i Hamar Arbeiderblad, 02.10.2014, s. 26. [pdf] (HA har redigert/forkorta teksten.)
Kommentar til Bjørn Kristen Ørbæk: "Ikke rot i virkelighet" i Hamar Arbeiderblad, 01.10.2014, s. 25. [pdf]


Verkeleg språkrot
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark

Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

Bjørn Kristen Ørbæk held fram i gammal stil med å pøse ut påstandar om dialekter og skriftspråk for å diskriminere nynorskens rolle i samfunnet.

Ørbæk skriv 1. oktober at det ikkje finst rot i verkelegheita for at nynorsken er ein slags skriftleg fellesnemnar for dialektene i Noreg. Han prøver å vise dette ved å ta utgangspunkt i Stange-dialekta. Reint formelt er denne metoden det same som å gå ut frå enkeltindivid for å sjekke om det stemmer at det bur nordmenn i Noreg, at nordmenn snakkar norsk eller at nordmenn er germanarar og kvite. I den grad det i det heile har noko for seg å bruke generaliseringar, vil det ofte ikkje vere samsvar mellom enkeltindivid i ei gruppe og generaliseringa ein vel å bruke om gruppa.

Reint formelt er det derimot meir riktig å påstå at nynorsk faktisk er ein fellesnemnar for dei norske dialektene, fordi det reint metodisk starta med ei innsamling og kategorisering av språktrekk i svært mange dialekter – også austnorske dialekter. Dette tyder derimot ikkje at ikkje også bokmål er ein god fellesnemnar og eit godt skriftspråk.

Det er i beste fall interessant at Ørbæk påstår at det «østnorske ordtilfang og formverk er så spesielt at det overhodet ikke finner forløsning i en nynorsk skriftnorm». Nokon er visst meir spesiell enn andre. Men dei gongene Ørbæk har valt å skrive lesarinnlegg på dialekt, har det vel vore meir enn tydeleg at det var like mykje nynorsk som bokmål dersom ein ville bruke normerte skriveformer som referanse.

Men problemet er eigentleg ikkje dei inngrodde og fastlåste haldningane til Ørbæk, som rett og slett har bestemt seg for si eiga verkelegheit. Problemet er at han gjev inntrykk av at nokon ønskjer å ta ifrå han retten til å bruke sitt elska bokmål, eller at nokon vil fortelje han at bokmål ikkje er like bra som nynorsk.

Det finst svært få i dag som ønskjer seg nynorsk som einaste skriftspråk, og det er svært få nynorskbrukarar som i same grad som Ørbæk spyr ut innlegg etter innlegg med negative påstandar om det skriftspråket ein sjølv ikkje bruker til dagleg.

Nynorsk og bokmål er likeverdige og likestilte skriftspråk i Noreg. Begge skriftspråka oppstod og blei vidareutvikla på bakgrunn av eit ønske om meir demokrati. Av ulike årsaker har nynorsken opplevd ein tilbakegang i utbreiing sidan andre verdskrig. Det er likevel slik at nynorskbruken er godt etablert og stabil i fleire regionar i Noreg. Men nynorskbrukarane kjem ikkje og «tek» Ørbæk ein dag og tvingar han til slutte å skrive bokmål. Ikkje skriv dei avisinnlegg heller om at politikarane må fri dei frå bokmålet.

Ein kan då stille seg spørsmålet kven som eigentleg driv med «mindretalstyranni». Er det nynorskbrukarane som stort sett ikkje ønskjer anna enn å få lov til å bruke det offisielle skriftspråket som dei sjølve føretrekkjer? Eller det éin mann frå Stange som føler seg mishandla og krev å bli høyrd?

Likestillinga av dei to skriftspråka har blant anna rot i verkelegheita ved at den er bestemt ved lov. Svartmålinga og diskrimineringa av det eine skriftspråket er eit fenomen som gjeld enkeltpersonar. Kvar og ein må ha lov til å ha si eiga verkelegheit, men det tyder ikkje at den er like verkeleg for alle.