Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / published as: "Diskriminering" i Hamar Arbeiderblad, 29.09.2014, s. 25. [pdf] (HA har redigert/forkorta teksten.)
Kommentar til Bjørn Kristen Ørbæk: "Stivbeinthet blokkerer for forbedringer" i Hamar Arbeiderblad, 24.09.2014, s. 22. [pdf]


Læring og diskriminering
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark

Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

Bjørn Kristen Ørbæk leverte 24. september eit tilsynelatande fagleg basert innlegg, som trass i mange ord og avsnitt likevel igjen berre hadde eitt poeng: å spreie propaganda mot nynorsk.

Ørbæk har gjort dette i alle år. Ein må derfor vurdere om det fortener eit motsvar eller ikkje. Eg ser det slik at det blir problematisk når nokon prøver å påverke andre sine meiningar og haldningar med dårleg eller uriktig argumentasjon. Eg ser det derfor som mi oppgåve som fagperson å avdekkje den typen retorikk.

Ørbæk prøver å argumentere for eit kunnskapsløft, noko som dei fleste vil kunne stille seg bak. Men så ønskjer han å underbyggje sine påstandar med forsking. I staden for å gå direkte til forskingsrapportane bruker han derimot tabloide oppslag frå dagspressa. Utan å referere til ein konkret artikkel, skriv Ørbæk at Aftenposten skal ha komme med den «oppsiktsvekkende nyheten» at PISA-undersøkingane viste at nynorskelevar var dårlegare i matte, naturfag og lesing. Ørbæk påstår så at dette ikkje blei diskutert, og at desse «oppsiktsvekkende forskningsresultater» blei haldne tilbake.

Dersom Ørbæk eller andre vil gjere seg umaken å sjå på hovudfunna frå t.d. PISA 2000 (http://www.pisa.no/resultater/2000/), vil ein kunne sjå at forskjellen i lesing ikkje var på meir enn 495 poeng for nynorskelevane mot 508 poeng for bokmålselevane, og rapporten slår fast at «bokmålselever som gruppe er noe bedre lesere». Det er veldig mykje ein vil kunne seie om PISA-undersøkingane og alle variablane rundt slike undersøkingar, men det kan ein la liggje her.

Det kan likevel vere på sine plass å nemne at finnane, som gjer det bra i undersøkingane,  har eit mykje meir ortofont språk enn dei nordiske språka. Det vil seie at skriftspråket er meir i samsvar med leseuttalen, mens det kan vere større avvik i dei nordiske språka. Og då er det jo interessant at norske elevar faktisk er betre i lesing enn elevane i Sverige og Danmark, som ikkje har to offisielle skriftspråk. Men det er sjølvsagt poeng som Ørbæk ser heilt bort frå.

Men la oss no for argumentasjonen sin del seie at det er eit «problem» å ha to sidestilte skriftspråk. Ørbæk sin påstand gjennom alle år har jo vore at nynorsk som sidemål er til hinder for all læring. Korleis kan det då ha seg at det er bokmålselevane som gjer det betre enn nynorskelevane (sjølv om det berre er ein liten forskjell)?

I staden for å påstå at det er bokmålselevane som er diskriminerte, bør ein jo kunne tolke forskingsresultata slik at bokmålselevane faktisk har ein fordel av å lære nynorsk som sidemål. Dei gjer det jo tydelegvis betre enn dei som har bokmål som sidemål.

Kven er det altså som blir diskriminert? Eg har svart på debattinnlegga til Ørbæk i sju år. Dei aller fleste innlegga er meir eller mindre direkte diskriminering av nynorskbrukarar og nynorsk generelt. Uansett kva som har komme fram av forsking og argumentasjon, har Ørbæk nekta å ta til seg lærdom, og har halde fast på gamle haldningar og meiningar. Men det er som Ørbæk skriv sjølv: «Læring må bygge på lystprinsippet.» Har ein bestemt seg for at ein ikkje likar nynorsk, er det nok ikkje så lett for andre å argumentere. Så kan ein jo avslutte med Ørbæk si eiga overskrift: «Stivbeinthet blokkerer for forbedringer».