Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / published as: "Frivilligheit på Stortorget" i Hamar Arbeiderblad, 11.09.2014, s. 21. [pdf]


Frivilligheit på Stortorget
________________________________________

JENS HAUGAN
Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

13. september vil dei fleste frivillige organisasjonane i Hamar vere samla på Stortorget for å presentere seg sjølve. Dette er ein eineståande sjanse til å bli kjend med det som rører seg av engasjement og aktivitetar rundt omkring i ulike lag og foreiningar – ofte bak meir eller mindre lukka dører.

Hamar har fått restaurert og pynta Stortorget, og den nye openheita og sosiale inkluderinga som kanskje følgjer med dette, blir blant anna markert gjennom frivilligheitsmønstringa. Kommunen gjer eit godt grep når dei inviterer dei frivillige organisasjonane til å komme fram frå «gøymestadene» sine. Fleire av organisasjonane er godt synlege, men dei fleste er kanskje best kjende blant «spesielt interesserte», og dei blir glade for å komme seg ut blant «vanlege» menneske.

Små foreiningar og lag prøver gjerne å rekruttere nye medlemmar via venner og kjende, men det er ikkje alltid så lett å komme i kontakt med folk som har litt andre interesser. Dei frivillige legg ned mykje arbeid i aktivitetar og saker som dei er opptekne av. Då er det godt å bli sett – og kanskje få litt respekt for det ein driv med. Ein treng jo ikkje nødvendigvis å melde seg inn i alle lag og foreiningar som ein finn interessante, eller som ein meiner gjer eit godt arbeid.

På frivilligheitsmønstringa kan ein komme og berre prate med representantar frå dei ulike organisasjonane. Eg sjølv kjem til å sitje der og ser fram til å høyre kva folk meiner om dialekter, språk, språkpolitikk, kultur og frivillig engasjement. Det er berre å komme og slå av ein prat.

Alle vi som kjem til å vere der – heilt frivillig – i nokre timar den føremiddagen, håpar at det vil vere mange som tek turen innom – heilt frivillig – for å komme og sjå og høyre. Då blir det masse frivilligheit på Stortorget. Det må jo berre bli bra!