Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / published as: "Fisken som rir på grus" i Gudbrandsdølen Dagningen, 07.07.2014, s. 33. [pdf]
Også publisert som "Fisken som rir på grus" i Hamar Arbeiderblad, 09.07.2014, s. 21. [pdf]


Fisken som rir på grus
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark

Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

Sommaren tyder blant anna fisketurar for meg. «Du har fått aure, seier du? Er det ørret?», spør ei venninne. Ja, svarar eg, nøgd med fangsten, og lurer på om dei to namna på den same fisken eigentleg er så veldig forskjellige at det kan vere vanskeleg å sjå likskapen. Det er nemleg i utgangspunktet ikkje berre den same fisken, men faktisk det same ordet.

Dei fleste er vane med at gamle norske diftongar eller tvilydar kan vere forenkla i nokre dialekter og i bokmål. Derfor har vi blant anna både graut og grøt, haust og høst, lauv og løv. Den opphavlege diftongen au blir monoftongert eller forenkla til ø. Denne utviklinga er eigentleg ganske lett å forstå når ein prøver å høyre på lyden når ein uttaler orda med diftong litt fort, au > ø.

På same måte som graut og grøt har vi også stadnamn eller bekkenamn med varierande lydar, som t.d. Aurbekk og Ørbekk. Aur er grus eller grov sand blanda med småstein. Namnet på bekken er dermed veldig beskrivande. Men det er ikkje nødvendigvis aurebekkar eller «ørretbekker», sjølv om auren gjerne trivst i bekkar med mykje aur i.

Auren likar aur. Aurbekkar er ofte klare, og det kan vere relativt lett å sjå auren stå på sin faste plass. Blir fisken skremd, fer han i full fart over grusen og gøymer seg. Det er slik denne fisken fekk namnet sitt. Ein sa at auren reid på grusen, og fisken heitte rett og slett aurriði på gammalnorsk.

Lyden edd eller stungen d (ð) er éin av dei gammalnorske lydane som gjerne forsvann heilt dersom han ikkje gjekk over til å bli uttalt som d eller t i moderne norsk. I dag seier dei fleste berre ri i staden for ride (gammalnorsk ríða). Derfor er den direkte lydlege utviklinga av aurriði til moderne norsk faktisk aure (aurriði > aurrie > aure). Den siste vokalen i ordet fekk gjerne ein slapp uttale og blei til e.

Når vi i tillegg også har forma ørret, er det fordi stungen d blei artikulert som ein ustemd konsonant og blei til ein t, og diftongen au blei forenkla til ø. I tillegg fall den siste vokalen heilt bort, altså aurriði > aurrit > ørret.

Med litt fantasi er det kanskje lettare å «fange» den språklege utviklinga enn sjølve fisken.