Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Røsslyng til lunsj" i Gudbrandsdølen Dagningen, 04.03.2014, s. 38. [pdf]
Også publisert som: "Med røsslyng til lunsj" i Hamar Arbeiderblad, 11.03.2014, s. 30. [pdf]

Også publisert som: "R øsslyng til lunsj" i Hamar Dagblad, 20.03.2014, s. 16. [pdf]


Røsslyng til lunsj
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark

Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

Når eg går på personalrommet på høgskolen for å ete lunsj, dreier samtalen våre seg av ein eller annan merkeleg grunn gjerne inn mot språk. Men det er ikkje alltid det passar å få diskutert eit tema heilt ferdig.

Her om dagen nemnde eg at røsslyng eigentleg er det same som hestelyng, og då fekk eg klar beskjed av pedogikkprofessoren om at eg måtte skrive om dette; for dette ville han gjerne ha ei nærmare forklaring på.

Det heile starta med at vi kom inn på ord som er felles i fleire språk, og ein oppdaga fort at det også finst relativt «naturlege» ord som ikkje er felles. Norsk «hest» er til dømes ikkje så veldig likt engelsk «horse», og det liknar enda mindre på tysk «Pferd».

Men då kom to av oss som hadde studert gammalnorsk, på banen og kunne fortelje at «hest» blant anna også heitte «hross» i gamle dagar. Ja, men kva med «hross» og «horse»? Jo, det er eit døme på metatese eller lydombyting.

Når vi ser at tysk også har ordet «Ross», skjønner vi at det er det er engelskmennene som hadde problem med å uttale kombinasjonen hr-, og at ein der etter kvart fekk uttalen «horse» i staden for «hross». Det same fenomenet gjeld ord som engelsk og nynorsk «cross/kross» og tysk «Kreuz», der ein på bokmål har «kors». Her er det bokmål (eller eigentleg dansk) som har bytt om lydane.

Ein hadde altså ordet «(h)ross» i norsk for hest. I denne samanhengen kan ein jo nemne at vi framleis har «kvalross», som på gammalnorsk blant anna heitte «hrosskvalr». På eitt eller anna tidspunkt byrja ein i praksis å snakke om ein kvalhest, og det gjev jo kanskje litt meining. Det er eit stort sjødyr, men når det er på land, hoppar det kanskje delvis som ein hest.

Når ein endrar ord for å få det til å passe med ei tolking ein har laga seg sjølv, snakkar ein om folkeetymologi. Det er til dømes dette som gjer at Markskilbekken, altså bekken som skil mellom markene/åkrane, blir til Makrellbekken. Det har aldri vore makrell i Makrellbekken, men det er eit ord folk skjønner, og då blei det ståande.

Ein kvalross har ikkje noko å gjere med hest. Det opphavlege gammalnorske ordet var «rosmall» og  viste til den karakteristiske raude fargen som dette dyret har. Dette ordet kan ein i dag framleis bruke  som «rossmål», men «kvalross» eller «hvalross» er nok mykje meir utbreidd.

Allereie i gammalnorsk tid må ein ha byrja å få problem med ordet «rosmall», som så blei dikta om til «rosmhvalr», altså «raudkval». I neste omgang laga ein seg «hrosshvalr», altså hestekval, og sidan dyret kanskje liknar meir på ein hest enn på ein kval, blei det kvalross, altså kvalhest, til slutt.

Då veit vi i alle fall at (h)ross var eit ord for hest i gammalnorsk, og då skjønner vi også at røsslyng rett og slett er hestelyng. Etymologane Falk og Torp reknar med at røsslyng blei brukt som hestefôr, og dei kan også fortelje at svensk hadde ei eldre form «horsljung». Så det var ikkje berre engelskmennene som hadde problem med å uttale «hross».