< Jens Haugan - Publications - Publikasjonar - Publikationen

Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: "Vællentains dei" i Gudbrandsdølen Dagningen, 11.02.2014, s. 30.  [>pdf]
Også publisert som "Vællentains dei" i Hamar Dagblad, 13.02.2014, s. 2. [pdf]

Også publisert som "Vællentains dei - Vil du være min Jens?" i Hamar Arbeiderblad, 13.02.2014, s. 27. [pdf]


Vællentains dei
________________________________________

JENS HAUGAN
Førsteamanuensis i norsk
Høgskolen i Hedmark

Hamar dialekt- og mållag
________________________________________

14. februar er den såkalla St. Valentinsdagen eller berre valentinsdagen. Ifølgje Wikipedia kan ein òg seie Alle hjartas dag på norsk, men dei fleste seier nok vællentains dei (Valentine’s Day).

Det er altså i utgangspunktet snakk om St. Valentin. Likevel er ein ikkje sikker på om det er éin eller fleire personar med namnet Valentin som er grunnlaget for feiringa. I mellomalderen oppstod det då romantiske mytar knytte til nokon som heitte Valentin. Blant anna skal ein Valentin har skrive eit brev til kjærasten, som han avslutta med «din Valentin».

Ifølgje Wikipedia kan den kristne feiringa av Valentin ha røter tilbake til den romerske feiringa av gudinna Juno, som var gift med Jupiter, og som var mor til Mars, Minerva og Vulkan. Det var jo ikkje uvanleg at heidenske skikkar og festar blei vidareførde i ny drakt då kristendommen overtok.

Dagens feiring av valentinsdagen er derimot av nyare dato og utvikla seg i England på 1700-talet. Det blei då moderne («in») å vise kjærleiken sin gjennom blomstrar, sjokolade og kort. Frå 1800 blei det vanleg med masseproduserte valentinskort, og «galskapen» var i gang.

Det ligg sjølvsagt mykje pengar i ein dag der ein kan selje masseproduserte produkt. Derfor prøver også norske aktørar å få oss til å feire valentinsdagen. Wikipedia kan då fortelje at 70 % av norske menn i 2004 ikkje visste når valentinsdagen var.

I 2010 gjorde ein ei ny undersøking, som viste at valentinsdagen blei markert av berre om lag ein tredjedel av dei som levde i parforhold. Ein kan altså ikkje seie at valentinsdagen har blitt norsk tradisjon – enno; og i alle fall ikkje på same måte som morsdagen, som jo er like før.

Fordelen med morsdagen er at det er heilt klart kven sin dag det er. Det er mor sin dag, enkelt og greitt. Det er derimot ingen som veit kven Valentin er eller var, og korfor han skal ha sin eigen dag. Det er kanskje også derfor folk snakkar om vællentain. Det er ein lånt dag på same måte som Halloween, og det er nok mykje meir «hipt» med vællentain og hællåvin. Det blir då straks meir stas når ein har lyst til å feire eitt eller anna, men eigentleg ikkje veit kva som er opphavet til den lånte feiringa.

Har ein nokon ein har kjær, burde ein kanskje vise dette kvar einaste dag gjennom heile året. Dersom ein treng éin bestemt dag i året for å sende blomstrar, sjokolade eller eit kort, seier det kanskje noko om at det ikkje står like bra til med alle dei andre dagane i året?

No er det jo ikkje noka hemmelegheit at eg personleg er litt sær, og det ryr ikkje akkurat inn med valentinskort hos meg. Men eg ville uansett ikkje ha lyst til å vere nokon sin Vællentain eller Valentin. Viss nokon skulle sende meg eit kort, bør det i det minste stå «Vil du vere min Jens?» på det.