Dr. Jens Haugan, Noreg/Norway/Norwegen
mail AT jenshaugan.com - www.jenshaugan.com/publications/
[online article]

Publisert som / Printed as: ”Dialekt i tyskundervisninga”. Språk og språkundervisning, 2-2010, s. 33-34. [>pdf av denne artikkelen]

Dialekt i tyskundervisninga
________________________________________

JENS HAUGAN

Høgskolen i Hedmark
________________________________________
 

Akkurat som ein som regel lærer standardnorsk (les bokmål) og ikkje dialekt når ein som utlending prøver å lære norsk i ei eller annan organisert form, vil ein normalt lære høgtysk i norsk skolesamanheng. Det kan likevel vere fornuftig, om ikkje anna interessant og morosamt for elevane, å arbeide litt med tyske dialektar. Eg vil i denne artikkelen spesielt argumentere for nordtyske dialektar (plattysk) med utgangspunkt i ei ny bok om hamburgisk.

Sprechen Sie Hamburgisch?

Boka Sprechen Sie Hamburgisch? (Schmachthagen, 2009) blei umiddelbart ein bestseljar i Hamburg og omeign og fylte tydelegvis eit tomrom blant nordtyskarar som vaks opp med ein dialekt som kan avvike sterkt frå standardtysk (høgtysk). Boka blei til som eit samarbeid mellom dagsavisa Hamburger Abendblatt og lesarane, som over eit tidsrom på ca. eitt år kunne sende inn dialektord og –uttrykk til avisredaksjonen. Avisa hadde så daglege presentasjonar av dei innsende orda. Ifølgje redaktøren er interessa så stor for dette ”ordboksprosjektet” at redaksjonen framleis får inn nye brev. For lesarane ligg verdien heilt openbert i å lese om eigen identitet, barndomsminne og lokalhistorie. Men kva slags verdi kan denne boka eventuelt ha for tyskundervisninga i norsk skole?

Plattysk

Hamburgisk er éin av variantane ein kan putte inn under sekkenemninga nedertysk eller ”plattysk”. Hamburgisk blir då også normalt kalla Hamburger Platt. I motsetning til standardspråket, høgtysk, gjennomgjekk ikkje dei plattyske dialektane dei store lydendringane (t.d. neuhochdeutsche Lautverschiebung) som kom til å prege det høgtyske standardspråket, som først og fremst byrja å konsolidere seg etter Luther si bibelomsetjing på 1500-talet. Men plattysk var faktisk offisielt språk i retten i Hamburg (ved sida av latin) heilt til ca. 1850, sjølv om ein lærte høgtysk i skolen. Høgtysk var altså nærmast som fremmendspråk å rekne i nord, og ein kan samanlikne situasjonen med den ein hadde i Noreg der ein lærte dansk i skolen mens ein elles snakka norske dialektar. Ein kan bruke denne innfallsvinkelen i undervisninga og trekkje linjer til forholdet mellom bokmål og nynorsk. Boka inneheld òg ein anekdote om ei bestemor som i sin barndom måtte lære høgtysk på skolen og pugge høgtyske ord og former på same måte som latinsk eller fransk grammatikk, og som kom gråtande heim med orda: ”Dor gah ik nich wedder hen, de snackt so gediegen” (s. 18).

Høgtysk er eitt av dei viktigaste språka i Europa i dag, og sjølvsagt skal ein lære høgtysk når ein lærer tysk i Noreg. Men ut ifrå eit språkdidaktisk perspektiv kan det vere ein god idé å inkludere nokre timar med plattysk i form av t.d. prosjektarbeid.

Hansa-tysk

Tysk var eit svært viktig språk i middelalderen då den tyske hansaen dominerte store delar av Nord-Europa. Plattysk var hovudspråket til hanseatane, og det plattyske språket hadde ein enorm påverknad på det norske språket i form av eit massivt tilfang av lånord og innlån av grammatiske morfem (t.d. an-, be-, -heit), som sjølv ikkje dei puristiske straumane og utviklinga av nynorsk på 1800-talet klarte å reinske ut av det norske språket igjen. Hansatida og eventuelt norsk språkhistorie kan vere eit relevant tema som ein kan bruke som utgangspunkt når ein eventuelt ønskjer å arbeide med plattysk i tyskundervisninga. I Bergen vil ein kanskje kunne kombinere dette med eit museumsbesøk, og dermed kombinere tyskundervisning med eiga lokalhistorie.

Felles germansk opphav

Sidan plattysk ikkje har gjennomgått dei store lydendringane som kjenneteiknar høgtysk, liknar plattysk ofte mykje meir på norsk, og det er derfor mykje lettare å finne ord med felles opphav i det germanske og kjenne igjen tyske lånord i norsk, som ikkje har den same forma som dei tilsvarande orda i høgtysk. Ei anna tilnærming til plattysk vil kunne vere å samanlikne plattysk med t.d. gammalnorsk. Ein vil elles også kunne starte med å sjå på plattysk før ein byrjar å sjå på tysk grammatikk i forhold til norsk. Det vil kunne vere ein mjuk start, sidan det vil vere lettare for norske elevar å kjenne igjen grunnstrukturen i sin eigen grammatikk.

Geografisk nærheit

Eit anna argument for å interessere seg for det nordtyske språkområdet er den geografiske nærheita, i alle fall til Austlandet og eventuelt Sørlandet. Dersom ein har moglegheit for å reise med klassen sin, kan det til tider vere relativt rimeleg å reise med fly til Hamburg eller eventuelt Berlin (då er det ikkje langt til Mecklenburg-Vorpommern, som også er ein del av det plattyske området). Om ikkje anna vil ein kunne starte eit e-postsamarbeidsprosjekt med ein nordtysk skole der temaet kan vere plattysk og slektskapen med norsk/nordisk. Dette vil kunne vere interessant for begge partane. Det er kanskje ikkje så mange lenger som ”snakkar platt” til dagleg i Hamburg, men ein ville nok møte godvilje og stor interesse dersom ein kom frå Noreg med kunnskap om plattysk.

Det finst altså mange gode grunnar for å lage eit plattyskprosjekt i klassen sin. Boka Sprechen Sie Hamburgisch? er berre éi mogleg bok ein kan bruke. Akkurat no er den ny og aktuell, og den er billig, 9,95 Euro. Så det er inga stor investering.

Nokre konkrete idear til bruken av enkelte ord frå boka

Aal [spr.: o:l] (a.: Ool) … – Her kan ein ta utgangspunkt i skrivemåten (sjølv om den er den same i høgtysk) og samanlikne med den gamle dansk-norske skrivemåten av ’å’, og så sjå på uttalen, som er meir eller mindre den same som i norsk, mens standard høgtysk er [a:l]. Elles kan ein samanlikne eksempelsetninga de Ool löppt al (’der Aal kommt/läuft schon’) med ålen løper allereie.

Aant [spr.: o:nt] Ente. – I tillegg til at ein kan snakke om forholdet mellom aa i plattysk og å i norsk (som ved Aal), er dette eit fint ord for å snakke om utlydsherding i tysk (d > t), og ein kan i tillegg ta opp i-omlyd, jf. and/ender i norsk.

achteihn (achtein) Zahlw. achtzehn. – Ein kan t.d. samanlikne med engelsk eighteen, der ein finn igjen den same h-en i skrift, og eventuelt vise til islandsk, som har aspirering i uttalen av áttan. Elles kan ein ta opp forholdet mellom t i germansk (norsk og engelsk) og z i tysk. Kanskje elevane finn fleire ordpar (t.d. tann-Zahn, tå-Zehe)?

afsölen heiβt, etwas nur oberflächlich zu reinigen. – Dette ordet er kanskje litt morosamt for elevane sidan det liknar på norsk (og kan forståast med litt fantasi). Ein kan snakke om at preposisjonen av blei skriven af på gammalnorsk, og framleis blir skriven slik på dansk. Og ein kan snakke om forholdet mellom lydane f, v og b (og p) og leite etter andre ord (t.d. avstand vs. Abstand, der b blir uttalt som p).

böten og Füür böten – Her ser ein klart samanhengen med lånordet fyrbøtar og ein kan samtidig snakke om diftongering i høgtysk: fyr vs. Feuer, is vs. Eis, hud vs. Haut osv.

Büx (Bücks) – Den lågtyske forma er buxe, så her kan ein snakke om i-omlyd. Og det vil elles ikkje vere vanskeleg å sjå at bukse er eit lånord. For elevane kan det vere interessant å lese om at ordet opphavleg hadde samanheng med bukser laga bukkeskinn (Buck/Bock). Ein kan då vidare snakke om det norske orde bykse, som ikkje har noko med bukser å gjere, men som opphavleg tydde å hoppe som ein bukk (også lånt frå lågtysk).

Dette er berre nokre få døme på korleis ein kan bruke ordboka til å inspirere elevane til å lese og arbeide med tysk og samtidig reflektere rundt språkslektskap og grammatiske fenomen (både i tysk og norsk). Boka er på over 300 sider, så det er mykje spennande å finne der. I tillegg kan ein kanskje bruke Kleines Hamburgisches Wörterbuch, men den er bygd opp som ei vanleg ordbok med grammatiske termar og omsetjingar til høgtysk. Eg trur elevane kan få spennande og morosame timar med Sprechen Sie Hamburgisch, og eg høyrer gjerne frå lærarar som vil prøve dette i praksis.

 

Bibliografi

Henning, Beate og Jürgen Meier (2006). Kleines Hamburgisches Wörterbuch. Neumünster: Wachholtz.
Schmachthagen, Peter (2009). Sprechen Sie Hamburgisch? Hamburg: Hamburger Abendblatt.