Jens Haugan sine norsksider for studentane ved Høgskolen i Hedmark

 

TILBAKE
TIL
START

Vurderingskriterium - grammatikk

På denne sida vil eg prøve å gje nokre tips i samband med oppgåveskriving / eksamen i grammatiske emne.

For det første er det viktig å ha som utgangspunkt at oppgåver og eksamenar ikkje blir laga for å "ta" nokon. Det er ikkje slik at det er nokon slemme og ondsinna førelesarar som ser det som si livsoppgåve å plage studentar, og få dei til å kjenne seg dumme og ta talentlause ved å komponere mest mogleg uforståelege og uoverkommelege oppgåver. No skal eg ikkje uttale meg på vegner av alle lærarar i verda, men motivasjonen til ein lærar er normalt at han/ho faktisk har eit genuint behov for å formidle og å bli forstått (det ligg vel ein viss grad av sjølvstadfesting i dette...). Ein har gjerne eit grunnleggjande ønske om å hjelpe andre menneske med å utvikle seg vidare og oppnå eit høgare bevisstheitsnivå. Og i eit samfunnsperspektiv handlar det sjølvsagt også om å skape "gagns menneske". Dette kan ein tolke (eller mistolke) som ein vil, men det er jo eit poeng at ein fungerer i eit samfunn. Om ikkje anna vil dette med utgangspunkt i ei "snill" tolking tyde at ein er sikker på seg sjølv og har kunnskapar nok til å klare seg i jobb og kvardagsliv.

Det er fleire mål knytte til oppgåver og eksamenar. Når det gjeld heimeoppgåver/semesteroppgåver, er det først og fremst pedagogiske mål. Det er ikkje slik at ein vil påleggje studentane enda meir arbeid i ein elles allereie pressa studiesituasjon. Poenget er å gje studentane ei moglegheit til å arbeide konstruktivt og strukturert med pensumet ut ifrå det som læraren vurderer som relevant. Det er altså meint å hjelpe studentane med å finne det rette perspektivet på pensumstoffet. Spesielt i byrjinga av eit studium manglar ein gjerne eit større oversyn over faget og stoffet, som gjer at ein ikkje veit kvar ein skal starte, kva som er viktig/sentralt, og kva som er mindre viktig/sentralt; ein "druknar" rett og slett i eit hav av informasjon som ikkje har blitt stykka opp i fordøyelege bitar enno. Så, både førelesingar og heimeoppgåver/semesteroppgåver er tenkt som konkret fagleg-pedagogisk hjelp. Førelesingane er ofte ikkje obligatoriske, mens heimeoppgåver/semesteroppgåver gjerne er det. Ein kan sikkert diskutere dette, men nokre studentar må berre "tvingast" til sitt eige beste, og då er det like greitt at den same regelen gjeld for alle. :-) La oss seie det sånn: ein blir ikkje akkurat dummare av å skrive oppgåver, uansett om ein likar temaet eller ikkje, eller om ein kan stoffet godt frå før eller ikkje. Og spesielt for norsk-/nordiskfaget gjeld det at ein aldri kan få skrive nok! Eg vil påstå at dei fleste skriv altfor lite i løpet av studiet sitt. Så, sett i gang og skriv! Bruk dei arenaene som de er på; tekstmeldingar, e-post, brev, notatbøker, merkelappar, dikt, forteljingar, noveller, romanar, avisinnlegg, klagebrev; berre skriv... Og det skadar absolutt ikkje om de prøver dykk på å skrive nynorsk i ulike samanhengar. Har ein valt å studere eit fag, har ein også valt dei delemna som følgjer med faget; og det er ikkje alltid slik at ein likar alle delane av faget like godt. Men det kan vere eit poeng i å utfordre seg sjølv på nettopp desse delane, og prøve å lære å meistre dei like godt som dei delane ein kan eller likar frå før. Korfor skulle ein velje å bruke tid på å studere noko ein kan frå før? :-) (Kvar blei det av Goethes Faust?)

Så er det eksamensoppgåver. Som sagt, dei blir heller ikkje laga for å plage nokon. Vi kan vere for eller imot det utdannings- og vurderingssystemet vi har, og vi kan gjerne engasjere oss politisk for å endre systemet eller delar av systemet. Men det er no ein gong slik at vurderingssystemet er bygd opp rundt ulike former for prøver og vurderingar; og desse er igjen gjerne lagt opp til å kunne måle kunnskapar og ferdigheiter - i den grad det er mogleg. Som førelesar/lærar vil ein prøve å førebu studentane på desse prøvene så godt ein kan (noko som sjølvsagt også krev at studentane gjer ein innsats). Vurderinga vil så skje etter visse kriterium. Når det gjeld det norske karaktersystemet i høgare utdanning, så er det no tilpassa den europeiske standarden for bokstavkarakterar (A-F). Med bokstavkarakterane følgjer det ei kvalitativ beskriving av krava for å kunne oppnå dei ulike karakterane.

Kva har så alt dette å seie for eksamen i grammatiske emne? Igjen er det viktig å peike på at eksamensoppgåver ikkje blir laga for å få studentane til å stryke. Poenget er å lage oppgåver som gjer det mogleg for studentane å vise kva dei har klart å tileigne seg av kunnskapar og ferdigheiter i forhold til eit definert pensum. Når det gjeld formell grammatikk, er det ikkje alltid så lett å vurdere kor mykje kandidatane eigentleg kan, dersom dei skriv korte svar, eller eventuelt nøyer seg med å teikne ein treanalyse av eit ord eller ei setning. I den generelle beskrivinga av karaktertrinna er det lagt vekt på vurderingsevne og sjølvstende. For å ta eit døme frå matematikken: 1 + 1 = 2. Dette er utan tvil eit korrekt svar. Men korleis skal ein som sensor kunne ta stilling til kva slags vurderingsevne eller sjølvstende som ligg til grunn for dette svaret? Her er det faktisk opp til studenten å vise korleis ein har gått fram for å komme fram til svaret. Tek vi eit konkret døme frå grammatikken, kan ein godt analysere funksjonen til dei ulike ledda i setninga Eg har slått på radioen som SUBJEKT - FINITT VERBAL - INFINITT VERBAL - ADVERBIAL med tilsvarande formanalyse: pronomenfrase - fin. verb - inf. verb - preposisjonsfrase (prep. + substantivfrase). Dette er på ein måte ein "rett-fram-analyse", og ein ville godt kunne seie at analysen er nokolunde korrekt. MEN dersom ein no hadde byrja å analysere og i tillegg skrive ned refleksjonane rundt moglege alternativ, hadde ein gjeve sensoren ein sjanse til å sjå graden av vurderingsevne og sjølvstende. Studenten kunne ha vist at han/ho kanskje heller hadde resonnert seg fram til å analysere som ein verbpartikkel ist. ein preposisjon med utfylling. Det hadde vore greitt å fått fram at det er ein skilnad mellom uttrykk som å slå på radioen og slå på bordet. Ein alternativ analyse ville då ha vore: SUBJEKT - FINITT VERBAL - INFINITT VERBAL + partikkel - OBJEKT, med tilsvarande formanalyse: pronomenfrase - fin. verb - inf. verb - verbpartikkel - substantivfrase. Og denne analysen hadde nok vore "betre" i denne samanhengen. Men poenget her er ikkje sjølve konklusjonen; 1 + 1 = 2 er jo også heilt korrekt. Poenget er vegen fram til konklusjonen; resonneringa, vurderingane, sjølvstendig tenking.

Så, det er opp til studentane å velje om dei vil ha "rette" analysar, som då gjerne i utgangspunktet svarer til ein C dersom dei står heilt for seg sjølve; eller om dei vil vise fram sine inste tankar og vurderingar, og på den måten gje sensoren ein sjanse til å oppdage kor sjølvstendige dei er, og korleis dei vurderer sine eigne analysar i forhold til teori og pensum.

Eksamen er ikkje laga for å få dykk til å stryke. Eksamen er laga for å gje dykk ein sjanse til å vise kva de har lært. Så vis det og skriv! :-)

 

Lykke til!

Jens

Karakterskalaen

 
 

- - [                                         >> ]

|| Eg tek sjølvsagt ikkje ansvar for innhaldet på andre sine nettsider som eg har lenka til. || Endra 25. juni 2008