Jens Haugan sine norsksider for studentane ved Høgskolen i Hedmark

 

TILBAKE
TIL
OPPGÅVER

TILBAKE
TIL
NORSK
ÅRSSTUDIUM

TILBAKE
TIL
START

2NO34 - Norsk årsstudium og 2NO224-2 Norsk 2

Språkleg modul B

Tidlegare eksamensoppgåver


2009 (våren)

Høgskolen i Hedmark
LUNA
2NO34 Norsk årsstudium, spr. mod. B /  2NO224-2 Norsk 2, språk – våren 2009

Nynorsk

Eksamen (5 timar)

7. mai 2009, kl. 09.00-14.00

Vel to av fire oppgåvedelar:

Oppgåvesettet består av fire delar (A, B, C, D), som dekkjer pensumet i sosiolingvistikk og tospråklegheit (A), norsk språkhistorie (B), norsk målførekunnskap (C) og tekst- og diskursanalyse (D) for årsstudiet i norsk, slik det er spesifisert i studieplanen for denne studieeininga. Du skal velje to delar og skrive eitt av svara dine på bokmål og det andre svaret på nynorsk. Du kan sjølv bestemme kva svar som skal vere på bokmål eller nynorsk.

Vekting:

Dei to oppgåvedelane du har valt, tel likt i vurderinga og ved karaktersetjinga. Karaktersetjinga følgjer ECTS-skalaen og den norske kvalitative beskrivinga av bokstavkarakterane.

Hjelpemiddel:

Det er ikkje høve til å bruke hjelpemiddel.

OPPGÅVEDEL A – Sosiolingvistikk og tospråklegheit

Gjer greie for fagtermane varietet, variabel og variant i sosiolingvistikken (språksosiologien), og gi nokre eksempel frå norske talemålsforhold der du viser korleis desse  termane kan brukast.

Bruk relevante fagtermar i utgreiinga, og legg vekt på ei fagleg og språkleg samanhengande framstilling.

OPPGÅVEDEL B – Norsk språkhistorie

Fortel om viktige personar og hendingar i norsk språkhistorie frå 1300 til moderne tid, og grei så ut om praktiske og pedagogiske utfordringar knytt til språksituasjonen i Noreg i dag.

OPPGÅVEDEL C – Norsk målførekunnskap

Vedlegg 1: Utdrag frå målføreprøve frå Vest-Telemark (Vinje).

Gjer greie for trekk ved vedlagde målføreprøve som kan tene til å klassifisere denne prøva.

Bruk relevante fagtermar i klassifiseringa, og legg vekt på ei fagleg og språkleg samanhengande framstilling.

OPPGÅVEDEL D – Tekst- og diskursanalyse

Vedlegg 2: Forside på Aftenpostens kulturbilag.

Gjer greie for ulike kommunikasjonsfaktorar og -funksjonar, gjerne med utgangspunkt i ein av dei kommunikasjonsmodellane som er nevnt i Jan Svennevigs bok Språklig samhandling. Analyser så vedlagde multimodale (samansette) tekst med utgangspunkt i desse kommunikasjonsfaktorane og -funksjonane. Du kan også trekkje inn annan relevant teori og andre relevante perspektiv.

 

Høgskolen i Hedmark
LUNA
2NO34 Norsk årsstudium, spr. mod. B /  2NO224-2 Norsk 2, språk – våren 2009

Bokmål

Eksamen (5 timer)

7. mai 2009, kl. 09.00-14.00

Velg to av fire oppgavedeler:

Oppgavesettet består av fire deler (A, B, C, D), som dekker pensumet i sosiolingvistikk og tospråklighet (A), norsk språkhistorie (B), norsk målførekunnskap (C) og tekst- og diskursanalyse (D) for årsstudiet i norsk, slik det er spesifisert i studieplanen for denne studieenheten. Du skal velge to deler og skrive ett av svarene dine på bokmål og det andre svaret på nynorsk. Du kan selv bestemme hvilket svar som skal være på bokmål eller nynorsk.

Vekting:

De to oppgavedelene du har valgt, teller likt i vurderinga og ved karaktersettinga. Karaktersettinga følger ECTS-skalaen og den norske kvalitative beskrivelsen av bokstavkarakterene.

Hjelpemidler:

Det er ikke anledning til å bruke hjelpemidler.

OPPGAVEDEL A – Sosiolingvistikk og tospråklighet

Gjør greie for fagtermene varietet, variabel og variant i sosiolingvistikken (språksosiologien), og gi noen eksempel fra norske talemålsforhold der du viser hvordan disse termene kan brukes.

Bruk relevante fagtermer i framstillinga, og legg vekt på ei faglig og språklig sammenhengende framstilling.

OPPGAVEDEL B – Norsk språkhistorie

Fortell om viktige personer og hendelser i norsk språkhistorie fra 1300 til moderne tid, og grei så ut om praktiske og pedagogiske utfordringer knyttet til språksituasjonen i Norge i dag.

OPPGAVEDEL C – Norsk målførekunnskap

Vedlegg 1: Utdrag fra målføreprøve fra Vest-Telemark (Vinje).

Gjør greie for trekk ved vedlagte målføreprøve som kan tjene til å klassifisere denne prøva.

Bruk relevante fagtermer i klassifiseringa, og legg vekt på ei faglig og språklig sammenhengende framstilling.

OPPGAVEDEL D – Praktisk norsk

Vedlegg 2: Forside på Aftenpostens kulturbilag.

Gjør greie for ulike kommunikasjonsfaktorer og -funksjoner, gjerne med utgangspunkt i en av de kommunikasjonsmodellene som er nevnt i Jan Svennevigs bok Språklig samhandling. Analyser så vedlagte multimodale (sammensatte) tekst med utgangspunkt i disse kommunikasjonsfaktorene og -funksjonene. Du kan også trekke inn annen relevant teori og andre relevante perspektiv.

 

 

- -

|| Eg tek sjølvsagt ikkje ansvar for innhaldet på andre sine nettsider som eg har lenka til. || Endra 12. mai 2010