Jens Haugan sine norsksider for studentane ved Høgskolen i Hedmark

 

TILBAKE
TIL
OPPGÅVER

TILBAKE
TIL
NORSK
ÅRSSTUDIUM

TILBAKE
TIL
START

2NO34 - Norsk årsstudium

Språkleg modul A

Tidlegare eksamensoppgåver


2009 (våren)
 

Høgskolen i Hedmark
LUNA
2NO34 – Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Ny prøve – Våren 2009

Nynorsk

Eksamen (6 timar)

29. januar 2009, kl. 09.00-15.00

Vel to av fire oppgåvedelar:

Oppgåvesettet består av fire delar (A, B, C, D), som dekkjer pensumet i fonologi (A), morfologi (B), syntaks (C) og praktisk norsk (D) for årsstudiet i norsk, slik det er spesifisert i studieplanen for denne studieeininga. Du skal velje to delar og skrive eitt av svara dine på bokmål og det andre svaret på nynorsk. Du kan sjølv bestemme kva svar som skal vere på bokmål eller nynorsk.

Vekting:

Dei to oppgåvedelane du har valt, tel likt i vurderinga og ved karaktersetjinga. Karaktersetjinga følgjer ECTS-skalaen og den norske kvalitative beskrivinga av bokstavkarakterane.

Hjelpemiddel:

Det er ikkje høve til å bruke hjelpemiddel.

OPPGÅVEDEL A - Fonologi

Beskriv vokalfirkanten for ”standard” austnorsk og argumenter for den pedagogiske verdien i modellen. Fortel så om sentrale skilnader mellom vokalar og konsonantar.

OPPGÅVEDEL B - Morfologi

Analyser følgjande ord vha. ein morfologisk trestruktur og fortel litt om ordklassa til dei enkelte orda. Grei deretter ut om skilnaden mellom leksikalske og grammatiske morfem: 

1.      bokskriving

2.      hyggelegare

3.      betalingsautomat

4.      prøvespele

5.      inntil

 OPPGÅVEDEL C – Syntaks

Analyser følgjande setningar med omsyn til funksjon og form.  

  1. Sola kjem heilt sikkert om nokre veker.
  2. Då kan vi endeleg nyte livet ute i friluft.
  3. Dersom våren ikkje kjem, får vi kose oss med inneaktivitetar.
  4. Vi er blide heile dagen når vêret er bra ei heil veke i strekk.

 OPPGÅVEDEL D – Praktisk norsk

Kva meiner ein med ordet ”substantivsjuka”, og korleis er denne termen eventuelt relevant i forholdet mellom bokmål og nynorsk. Fortel om nokre hovudskilnader mellom bokmål og nynorsk når det gjeld bøying av substantiv.


 

Høgskolen i Hedmark
LUNA
2NO34 – Norsk årsstudium – Språklig modul A – Ny prøve – Våren 2009

Bokmål

Eksamen (6 timer)

29. januar 2009, kl. 09.00-15.00

Velg to av fire oppgavedeler:

Oppgavesettet består av fire deler (A, B, C, D), som dekker pensumet i fonologi (A), morfologi (B), syntaks (C) og praktisk norsk (D) for årsstudiet i norsk, slik det er spesifisert i studieplanen for denne studieenheten. Du skal velge to deler og skrive ett av svarene dine på bokmål og det andre svaret på nynorsk. Du kan selv bestemme hvilket svar som skal være på bokmål eller nynorsk.

Vekting:

De to oppgavedelene du har valgt, teller likt i vurderinga og ved karaktersettinga. Karaktersettinga følger ECTS-skalaen og den norske kvalitative beskrivelsen av bokstavkarakterene.

Hjelpemidler:

Det er ikke anledning til å bruke hjelpemidler.

OPPGAVEDEL A - Fonologi

Beskriv vokalfirkanten for ”standard” østnorsk og argumenter for den pedagogiske verdien i modellen. Fortell så om sentrale forskjeller mellom vokaler og konsonanter.

OPPGAVEDEL B - Morfologi

Analyser følgende ord vha. en morfologisk trestruktur og fortell litt om ordklassa til de enkelte orda. Grei deretter ut om forskjellen mellom leksikalske og grammatiske morfemer: 

1.      bokskriving

2.      hyggeligere

3.      betalingsautomat

4.      prøvespille

5.      inntil

OPPGAVEDEL C – Syntaks

Analyser følgende setninger med hensyn til funksjon og form:

  1. Sola kommer helt sikkert om noen uker.
  2. Da kan vi endelig nyte livet ute i friluft.
  3. Dersom våren ikke kommer, får vi kose oss med inneaktiviteter.
  4. Vi er blide hele dagen når været er bra ei hel uke i strekk.

OPPGAVEDEL D – Praktisk norsk

Hva mener en med ordet ”substantivsyken”, og hvordan er denne termen eventuelt relevant i forholdet mellom bokmål og nynorsk. Fortell om noen hovedforskjeller mellom bokmål og nynorsk når det gjelder bøying av substantiv.

 

 

- -

|| Eg tek sjølvsagt ikkje ansvar for innhaldet på andre sine nettsider som eg har lenka til. || Endra 12. mai 2010