Jens Haugan sine norsksider for studentane ved Høgskolen i Hedmark

 

TILBAKE
TIL
OPPGÅVER

TILBAKE
TIL
NORSK
ÅRSSTUDIUM

TILBAKE
TIL
START

2NO34 - Norsk årsstudium

Språkleg modul A

Tidlegare eksamensoppgåver


2008 (våren)
 

Høgskolen i Hedmark
LUNA
2NO34 – Norsk årsstudium – Språkleg modul A – Våren 2008

Nynorsk

Eksamen (6 timar)

6. mai 2008, kl. 09.00-15.00

Vel to av tre oppgåvedelar:

Oppgåvesettet består av tre delar (A, B, C), som dekkjer pensumet i fonologi (A), morfologi (B) og syntaks (C) for Norsk årsstudium, slik det er spesifisert i studieplanen for denne studieeininga. Du skal velje to delar og skrive eitt av svara dine på bokmål og det andre svaret på nynorsk. Du kan sjølv bestemme kva svar som skal vere på bokmål eller nynorsk.

Vekting:

Dei to oppgåvedelane du har valt, tel likt i vurderinga og ved karaktersetjinga. Karaktersetjinga følgjer ECTS-skalaen og den norske kvalitative beskrivinga av bokstavkarakterane.

Hjelpemiddel:

Det er ikkje høve til å bruke hjelpemiddel (med mindre ein har fått dispensasjon for å bruke nynorsk ordliste/ordbok).


OPPGÅVEDEL A - Fonologi

Bruk setninga nedanfor som utgangspunkt for å fortelje om vokal- og konsonantsystemet i norsk. Kom også inn på forholdet mellom isolerte lydar og lydar i konkrete ord/lydkombinasjonar, og moglege variasjonar i uttalen.

Den syngjande anda frå eit kor i nord irriterer også kule, kyniske geiter på den øvre badestranda med triste og dristige songar om dagsturar utan laksesmørbrød og cola i sola. 

OPPGÅVEDEL B - Morfologi

Kva er grunnen til at ein valde å revidere ordklasseinndelinga i moderne norsk, og kva slags måtar har vi til å lage ulike ordtypar på? Analyser ordformene nedanfor ved å bruke trestrukturar som viser dei ulike analysenivåa, og bruk dei gjerne som døme på ordlagingsmåtar.

  1. vårlege
  2. grillpølser
  3. ferietidstressinga

OPPGÅVEDEL C – Syntaks

Vel tre av dei fire setningane nedanfor og analyser frasane og ledda ved å markere både funksjon og form. Fordel setningsledda i setningsskjemaet (feltskjemaet) etter at du til dømes har brukt erstatnings/-utskiftingsprøva (innsetjing av proord), slik at du ikkje treng å skrive alle enkeltorda i setningsskjemaet. Lag deretter eit oppsett som viser oppbygginga av setningsledda og frasane. Forklar korfor du vel den eine eller den andre moglege analysen av funksjon og/eller form der det kan vere relevant. Hugs på at du gjerne kan omforme setningane, for å vise korfor du vil argumentere for analysane dine.

  1. Den fine våren i denne delen av landet er ofte spesielt hyggeleg å oppleve i studietida.
  1. Studietida er jo til for at flittige studentar ikkje skal vere ute i sola dei timane det ville vere mogleg.
  1. Til sankthans, når eksamenstida endeleg er forbi, er det på tide at ein er i stand til å slappe av med grilla pølser med lite feitt.
  1. Vil du ikkje sende den gamle brevvenninna di eit hyggeleg postkort frå ferieturen til Danmark med strålande vêr i mange dagar på einsame strender?

Høgskolen i Hedmark
LUNA
2NO34 – Norsk årsstudium – Språklig modul A – Våren 2008

Bokmål

Eksamen (6 timer)

6. mai 2008, kl. 09.00-15.00

Velg to av tre oppgavedeler:

Oppgavesettet består av tre deler (A, B, C), som dekker pensumet i fonologi (A), morfologi (B) og syntaks (C) for Norsk årsstudium, slik det er spesifisert i studieplanen for denne studieenheten. Du skal velge to deler og skrive ett av svarene dine på bokmål og det andre svaret på nynorsk. Du kan selv bestemme hvilket svar som skal være på bokmål eller nynorsk.

Vekting:

De to oppgavedelene du har valgt, teller likt i vurderinga og ved karaktersettinga. Karaktersettinga følger ECTS-skalaen og den norske kvalitative beskrivelsen av bokstavkarakterene.

Hjelpemidler:

Det er ikke anledning til å bruke hjelpemidler (med mindre man har fått dispensasjon for å bruke nynorsk ordliste/ordbok).


OPPGAVEDEL A - Fonologi

Bruk setninga nedenfor som utgangspunkt for å fortelle om vokal- og konsonantsystemet i norsk. Kom også inn på forholdet mellom isolerte lyder og lyder i konkrete ord/lydkombinasjoner, og mulige variasjoner i uttalen.

Den syngende anda fra et kor i nord irriterer også kule, kyniske geiter på den øvre badestranda med triste og dristige sanger om dagsturer uten laksesmørbrød og cola i sola.

OPPGAVEDEL B - Morfologi

Hva er grunnen til at man valgte å revidere ordklasseinndelinga i moderne norsk, og hva slags måter har vi til å lage ulike ordtyper på? Analyser ordformene nedenfor ved å bruke trestrukturer som viser de ulike analysenivåene, og bruk dem gjerne som eksempel på ordlagingsmåter.

  1. vårlige
  2. grillpølser
  3. ferietidstressinga

OPPGAVEDEL C – Syntaks

Velg tre av de fire setningene nedenfor og analyser frasene og leddene ved å markere både funksjon og form. Fordel setningsleddene i setningsskjemaet (feltskjemaet) etter at du for eksempel har brukt erstatnings/-utskiftingsprøven (innsetting av proord), slik at du ikke trenger å skrive alle enkeltordene i setningsskjemaet. Lag deretter et oppsett som viser oppbygginga av setningsleddene og frasene. Forklar hvorfor du velger den ene eller den andre mulige analysen av funksjon og/eller form der det kan være relevant. Husk på at du gjerne kan omforme setningene, for å vise hvorfor du vil argumentere for analysene dine.

  1. Den fine våren i denne delen av landet er ofte spesielt hyggelig å oppleve i studietida.
  1. Studietida er jo til for at flittige studenter ikke skal være ute i sola de timene det ville være mulig.
  1. Til sankthans, når eksamenstida endelig er forbi, er det på tide at man er i stand til å slappe av med grilla pølser med lite fett.
  1. Vil du ikke sende den gamle brevvenninna di et hyggelig postkort fra ferieturen til Danmark med strålende vær i mange dager på ensomme strender?
 

 

- -

|| Eg tek sjølvsagt ikkje ansvar for innhaldet på andre sine nettsider som eg har lenka til. || Endra 13. mai 2008