|
Høgskolen i Hedmark
LUNA
Norsk årsenhet, språklig modul A
Nynorsk
Eksamen (6 timar)
5. desember 2007, kl. 09.00-15.00
Vel
to av tre oppgåvedelar:
Oppgåvesettet består av tre delar (A, B, C), som dekkjer pensumet i
fonologi (A), morfologi (B) og syntaks (C) for årsstudiet i norsk,
slik det er spesifisert i studieplanen for denne studieeininga. Du
skal velje to delar og skrive eitt av svara dine på bokmål
og det andre svaret på nynorsk. Du kan sjølv bestemme kva
svar som skal vere på bokmål eller nynorsk.
Vekting:
Dei to oppgåvedelane du har valt, tel
likt i vurderinga og ved karaktersetjinga. Karaktersetjinga følgjer
ECTS-skalaen og den norske kvalitative beskrivinga av
bokstavkarakterane.
Hjelpemiddel:
Det er ikkje høve til å bruke hjelpemiddel
(med mindre ein har fått dispensasjon for å bruke nynorsk
ordliste/ordbok).
OPPGÅVEDEL A - Fonologi
Grei ut om sentrale skilnader mellom vokalar og
konsonantar og måten dei blir klassifiserte på i fonologien
(inndelingskriterium). Kom også inn på korleis distinksjonen mellom
fonem og allofonar er ein viktig teoretisk skilnad, og
illustrer dette ved å vise til nokre sentrale uttalevariasjonar i
norske dialektar.
OPPGÅVEDEL B - Morfologi
Fortel litt om grunnlaget for at ein valde å opprette dei to nye
ordklassane subjunksjonar og determinativ. Grei
deretter ut om skilnaden mellom grammatiske morfem og
leksikalske morfem; frie morfem og bundne morfem;
bøyingar, avleiingar og samansetjingar, og
analyser så dei følgjande ordformene ved å bruke trestrukturar som
viser dei ulike analysenivåa:
-
gledelige
-
høystemtheten
-
julemarsipangrisene
OPPGÅVEDEL C – Syntaks
Vel tre av dei fire setningane nedanfor og analyser frasane
og ledda ved å markere både funksjon og form.
Fordel setningsledda i setningsskjemaet (feltskjemaet) etter
at du til dømes har brukt erstatnings/-utskiftingsprøva (innsetjing
av proord), slik at du ikkje treng å skrive alle enkeltorda i
setningsskjemaet. Lag deretter eit oppsett som viser oppbygginga av
setningsledda og frasane. Forklar korfor du vel den eine eller den
andre moglege analysen av funksjon og/eller form der det kan vere
relevant. Husk på at du gjerne kan omforme setningane, for å vise
korfor du vil argumentere for analysane dine.
- De fleste
lærerne på denne høgskolen er vanligvis veldig glad i
sjokoladeovertrukne marsipangriser å kose seg med på
julekvelden.
- Dette fører
gjerne til at mange lærere ikke vil spise annen mat de dagene
det er jul.
- På
nyttårsaften, når romjula forhåpentligvis er overstått, er det
så viktig at man er i form igjen til å spise enda mer god mat
med masse kalorier.
- Kan du ikke
gi den stakkars læreren ei lita kake til dessert etter middagen
i kantina på høgskolen når han ber så pent om det?
|