Mykje Merkeleg Mål i Media - Send tips til: mmmm @ jenshaugan . com

På denne nettstaden presenterer eg tekstlingvistiske "godbitar" som ein finn i dagleglivet. Dei relevante setningane/orda er markerte med raudt. Dersom du skulle "snuble" over merkelege formuleringar, kan du gjerne sende dei til meg:
mmmm @ jenshaugan . com

Til dei som sender meg tips: eg har dessverre ikkje alltid tid til å få lagt ut tipsa med ein gong - ver tolmodig :-)
Ver nøye med referansar: namn på avisa/nettstaden/publikasjonen, sidetal eller URL, dato.

Det har etter kvart komme inn ein del stoff til dette "prosjektet". Eg har derfor valt å fordele det på fleire mindre nettsider, slik at det ikkje skal bli for tungvint å lese - og ikkje minst å laste ned. Det er kjempekoseleg med respons på innhald og oppbygging ...
Denne nettstaden er ikkje meint å vere nokon "konkurrent" til Martin Ystenes sin Sprøytvarsler, som tek seg av "vitskaplege feil og antivitskapleg tull i media". Eg er mest interessert i samanhengen mellom ord og setningar, dvs. først og fremst det reint språklege (og logiske). Når det er sagt, vil eg likevel takke Martin Ystenes sitt bidrag til den første MMM-sida og Sprøytvarsleren sin popularitet for at fleire har oppdaga nettstaden min. Lenker til andre, liknande prosjekt finst nedst på sida. - | Konstruktiv kritikk |
Om denne nettstaden i Universitetsavisa (NTNU) - UA 02.11.2000, s.9.
(første versjon av sida: 04. august 1999)
[Statistikk 1. målte periode 15.02.-15.03.00 = over 1500 - takk til Martin Ystenes sitt bidrag]
[etter 15.06.00 = over 3000; 25.09.00 over 4000, 01.12.00 = 5000; 13.03.01 = over 6000]

Relansert versjon - november 2002