|
Vidvandre, sogesong.
Kva skal det bli til no?
Luftige famntak
og rørande ord.
Reise i tankane,
Kor skal vi flyge no?
Djerve, små krumspring
og lynglimt mot jord.
Fare i høgdedrag,
kløyve ein sjø,
ta meg med dit du er -
leve og puste fritt
Suse i skogane,
finne ei rot.
Kile i tankane -
dette er ditt og mitt.
Ulvefâr, huldrelokk,
levande liv -
ordflaum og tonesprang,
klungrande kratt.
Finne ein åndsfrende,
finne si sjel.
Lagnadsstyrt ? Rikt og rart
få livet att. -
|