| |
Denne lina,
frå halsgrop til hakespiss,
strekkjer seg,
medan du vender hovudet
mot sida.
Denne lina,
med alt ditt levde liv
innom seg,
skapar ei sanseleg grense
mot tida.
Denne lina,
som ligg der i draga dine,
syner seg,
formar ei syngjande bru
mot deg.
Denne lina,
frå grop til spiss i ditt landskap,
svingar seg,
lagar ein møtestad, ein veg
mot meg.
|
|