|
Møtte eg deg
i ei dør nokon gong,
eller møtte eg nokon
eg trudde du var?
Såg eg deg stå der
og leite med blikket,
på søk etter noko
du trudde eg har?
Såg vi kvarandre
langt inne i hengsla
der vi stod gripne
og heldt i ein karm?
Møtte du meg
eller såg du ein annan,
rørte du ved meg,
fekk du meg varm?
Trefte du gullet i gråsteinen då?
Kjende du lagnaden?
Kva fekk du sjå?
Møtte eg deg
i ei dør til eit rom,
eller møtte du nokon
du trudde du fann?
Såg du meg låse opp?
Såg du min nøkkelring?
Tom, utan nøklar -
du trudde du vann...
|