JH's music
Da eg vakna

 

Tilbake til songlista
Tilbake til framsida

 


 

 

 

 

 

 


Teksten er skriven av Randi Oppedal.
Musikken er skriven og spela inn av Jens Haugan.
    mp3
  Vond vår Spel (3:29)
 

Det var vårar som hylte i isvind,
sette frostblåveis på mitt sinn.
Eg gjekk der og fraus på tanken,
og tenkte at "Frost, forsvinn!"

Eg gjekk der og såg på dei andre.
Dei sprang rundt og levde og var.
Eg fór einsam i denne byen
og tenkte: "Kva er det eg har?"

Eg mobiliserte krefter,
eg sende dei ikkje vekk.
Byen tok strupetak på meg,
men eg berre gjekk og gjekk.

Det var dagar som røva livet,
stal meining, alt skjelvande mot.
Eg gjekk storøygd mellom dei andre
og fekk syn på ein veg for min fot.

 


NCB
Medlem 03894 av TONO - www.tono.no
Du har lov til å laste ned mp3-fila til datamaskina di.
Musikken kan ikkje brukast kommersielt utan samtykke.
Fortel gjerne andre om musikken min og denne nettsida.

Member 03894 of TONO - Norway's Performing Rights Society - www.tono.no
All rights reserved!
You may download the mp3-file on this page to your personal computer.
For non-commercial use only.
Feel free to tell people about my music and this webpage :-)

endra/changed/geändert : 24. februar 2005