| |
Den gongen da vi sprang
i skogen på ein gruslagt veg
Min stutte, butte, vesle kropp
og du med lange sjumilssteg.
Da var det sommar, lukta varmt,
i skogen, på ei lita eng
Din nakke bar meg utan stopp,
det vart ei sogestund på veng.
Di soge var om gråpus-grå,
om Perideus, Sjikkosjakk...
Eg lytta og fekk bilde opp -
men fekk eg eigentleg sagt takk?
Din barndom var ein fantasi,
om enn frå sanning orda kom
Eg levde med i tankehopp -
og du var aldri trøytt og tom.
Ditt liv, så rettvist, ærleg, tru,
di verd, med høge mål :
"Gjer alt så godt du kan, mot topp" -
men det du sa var "Ber" og "Tål".
|
|