| |
Du kom. Til verda i ein morgontime.
Du var eit under, vesle bror.
Du tende lyset i ei sol
Som skein på snø.
Eg gledde meg til du vart stor.
Du kom. Voks til i dagar, veker, år.
Du var eit under, gode bror.
Du tende håp i mørke natt, Som blafra kald.
Eg kjempa då mot sug og klor.
Du kom. Vart vennen min, ei støtte sterk.
Du var eit under, unge mann.
Du tende bål i aude fjell, Som varme gav.
Eg såg deg gløde, såg du brann.
Du kom. Fekk mang ei sak å kjempe for.
Du var eit under, vaksne mann.
Du tende folk i alle lag, Som få forunt.
Eg skjønte at du kom og vann.
Du kom. Vart råka, ramma, måtte slåss.
Du var eit under, sterke sjel.
Du tende livsgnist i deg sjølv.
Eg kjende livet stod på spel.
Du kom. Til tap, til slutt, vart fanga opp.
Du var eit under, sunne sinn.
Du tende alle kringom deg
Du måtte gå.
Eg såg deg fare, broren min.
Bb Dm Bb Dm
Frå mørkenatt. Frå draumeskatt. - Men lyset ditt,
det er att
|
|