JH's music
Da eg vakna

 

Tilbake til songlista
Tilbake til framsida

 


 

 

 

 

 

 


Teksten er skriven av Randi Oppedal.
Musikken er skriven og spela inn av Jens Haugan.
    mp3
  Store skattar Spel (2:55)
 

Han sprett i kring, ein gutekropp.
Han turnar rundt, fer ned og opp
og spring om kapp og tek ein trall.
Han er ein leiken, liten ball…

Han møter meg, som framand er.
Han fyk omkring, smett hit og her…
og spring og hentar noko flott,
slik kongar gjer, som bur i slott.

Han konge blir.
Han har ein skatt !
I tillit set vi oss og ser…
Frå skrinet, som kanin i hatt,
kjem rikdomar, ei kiste full,
han tryllar edelstein og gull!

Han frydar seg
og syner fram,
med stolte augo
sit han stram…
For kvar ein ting ei soge har,
ein ring frå mor, eit kors frå far.

Han smiler no,
ei rikdomsstund,
med alt han eig,
så mange funn…
Og før han låser skrinet att,
sit eg og ser: Han er ein skatt!

 


NCB
Medlem 03894 av TONO - www.tono.no
Du har lov til å laste ned mp3-fila til datamaskina di.
Musikken kan ikkje brukast kommersielt utan samtykke.
Fortel gjerne andre om musikken min og denne nettsida.

Member 03894 of TONO - Norway's Performing Rights Society - www.tono.no
All rights reserved!
You may download the mp3-file on this page to your personal computer.
For non-commercial use only.
Feel free to tell people about my music and this webpage :-)

endra/changed/geändert : 24. februar 2005