JH's music
Da eg vakna

 

Tilbake til songlista
Tilbake til framsida

 


 

 

 

 

 

 


Teksten er skriven av Randi Oppedal.
Musikken er skriven og spela inn av Jens Haugan.
    mp3
  Song til Ylva Spel (3:39)
 

Månedotter, veslemøy,
fødd mot natt, så raskt, så stille.
Skjøre skapnad, spede hyl,
gisp mot luft, du lille, ville
- vakre.

Inn i verda i ei ri,
fødd av urkraft, snøgt og stille,
under månen, vesle vesen,
gløtt av lys, du lille, ville,
- vakre.

Sov du no, og veks deg vilter,
fødd i tryggleik, fort og stille,
månedotter, veslemøy,
glimt av draum, du lille, ville
- vakre.

Månedotter, vesle Ylva,
fødd til liv og til å ville.
Ein stad sit ei ulvesyster,
glir ho gjennom natta, stille,
glim av månelys i augo,
ut i natta, pelsen stri,
kanskje jaga, kanskje fri,
over vidde, gjennom skar,
Ulvesyster, sjå du har,
nokon som ber namnet ditt...

I ein draum og til eit liv,
månedotter, veslemøy,
solskinsunge, håpet mitt
- lille, ville, vakre, vene Ylva.

 


NCB
Medlem 03894 av TONO - www.tono.no
Du har lov til å laste ned mp3-fila til datamaskina di.
Musikken kan ikkje brukast kommersielt utan samtykke.
Fortel gjerne andre om musikken min og denne nettsida.

Member 03894 of TONO - Norway's Performing Rights Society - www.tono.no
All rights reserved!
You may download the mp3-file on this page to your personal computer.
For non-commercial use only.
Feel free to tell people about my music and this webpage :-)

endra/changed/geändert : 24. februar 2005