JH's music
Da eg vakna

 

Tilbake til songlista
Tilbake til framsida

 


 

 

 

 

 

 


Teksten er skriven av Randi Oppedal.
Musikken er skriven og spela inn av Jens Haugan.
    mp3
  Mellom Spel (3:32)
 

Mellom borken og veden
sit ein liten gut og ser,
litt til sida, ut i verda
og si lille sorg han ber.

Mellom to små tre i skogen
står ein liten gut og skrik,
litt om seg og om dei andre,
men han vil'kje vera slik.

Mellom to så store stolar
sit ein liten gut og kjenner,
litt til saknet, inni sorga
og har mista to små tenner.

Mellom lakenet og dyna
ligg ein liten gut så lang,
litt til skal han vekse …mykje -
men no saknar han eit fang.


Mellom to par sterke armar
sit ein liten gut og smiler,
litt til den som held i kring han,
slepp å skrike, berre kviler…

Mellom tankar hos den store
bur ein liten gut som strevar,
med å vera mellom andre.
Stor, stor kamp - med små, små nevar.

 


NCB
Medlem 03894 av TONO - www.tono.no
Du har lov til å laste ned mp3-fila til datamaskina di.
Musikken kan ikkje brukast kommersielt utan samtykke.
Fortel gjerne andre om musikken min og denne nettsida.

Member 03894 of TONO - Norway's Performing Rights Society - www.tono.no
All rights reserved!
You may download the mp3-file on this page to your personal computer.
For non-commercial use only.
Feel free to tell people about my music and this webpage :-)

endra/changed/geändert : 24. februar 2005