JH's music
Da eg vakna

 

Tilbake til songlista
Tilbake til framsida

 


 

 

 

 

 

 


Teksten er skriven av Randi Oppedal.
Musikken er skriven og spela inn av Jens Haugan.
    mp3
  Brageord Spel (3:27)
 

Han er komen til verda
og verda skal koma til han.
Han er den fremste i flokken,
snart er han stor, liten mann.

Orda er komne til han,
forteljingar fylgjer med slikt.
Orda frå denne guten
er fantasi og dikt.

Songar kjem snøgt til sinnet, tone og tekst så lett,
festar seg midt mellom øyro. Han er musikk, rett og slett.

Sterk er han denne karen, armar og føter har kraft.
Inni seg har han ein kjerne, som mjuknar i sødme og saft.

Langt inni mennesketanken,
bakom ei utvendig hud,
baksar det ville krefter,
som temjest med tru - på ein gud...?

Guden kan vera den eine, eller i mange, små ting.
Anten i høgstemte stunder eller i sirkel og ring.

Orda er blitt eit tilhald, orda kan lett bli ei flukt.
Verda er diger for guten, i syner og lydar og lukt.

Verda gjev rom for å leva, gjera seg fri frå tvang.
Måtte den leikande tanken gje han ein livsdag lang.

Han er komen til verda og verda skal koma til han.
Han ber på gåver i skreppa, vil han - så veit han, han kan!

 


NCB
Medlem 03894 av TONO - www.tono.no
Du har lov til å laste ned mp3-fila til datamaskina di.
Musikken kan ikkje brukast kommersielt utan samtykke.
Fortel gjerne andre om musikken min og denne nettsida.

Member 03894 of TONO - Norway's Performing Rights Society - www.tono.no
All rights reserved!
You may download the mp3-file on this page to your personal computer.
For non-commercial use only.
Feel free to tell people about my music and this webpage :-)

endra/changed/geändert : 24. februar 2005